fredag 10. desember 2010

Ein (lite produktiv) månad sidan sist...

Og eg har endeleg juleferie! Endeleg, høyres kanskje litt absurd ut, med tanke på at det er tidleg desember. Men etter den mest hektiske eksamensperioden nokonsinne, seier eg meg lykkeleg over den tidlege ferien min. Har hatt ferie i fire dagar allereie, og er redd dagane skal fyke utan eg får noko gjort. Men strikking skal det bli tid til!

Sjølv om eksamensperioden har vore hektisk, har eg fått kobla av innimellom med litt strikking. Strikka jo babytøflar og vottar tidligare i vinter til ein bitteliten baby (som forøvrig viste seg å være for store, og eg som syntes dei var sååå små?) ;) Uansett, mora etterlyste varme ullplagg til vesle poden sin, sidan små prematurklær viste seg å vera vanskeleg å få tak i. Eg tok oppdraget med glede, og strikka denne bodyen innimellom eksamensslaga.


Oppskrifta er frå boka Myk Start, og dette er ein herleg "voksebody" som veks med babyen.
































Eg hugsa då eg fekk førsteminien min, kor eg strevde med å få plagga "over hovudet" på den vesle beibissen. Eg var difor veldig glad i slike omslagsklede, og tenkte difor at dette var eit rett val også for den vesle guten.


















Garnvalet falt naturleg på Nøstebarn si merinoull. Dette er ubehandla ull, som er god å ha innerst mot kroppen og varmar godt. I tillegg er den veldig drøy, så her kan me få fleire ullplagg (har planar om ei bukse i tillegg, nemlig) :)



Eg er veldig spent på om bodyen passar, eg syns den såg veldig liten ut, men har jo ikkje sett den vesle i røynda, så måtte fram med den gamle babydukka mi "Håvard" (oppkalla etter eit søskenbarn som vart fødd same året) :)
































Garn: Nøstebarn merinoull
Pinner: 2,5 og 3
Oppskrift: Boka "Myk Start"

søndag 7. november 2010

Vinter!

Det har plutseleg komt snø (igjen)! Flaks for meg at eg er ferdig med mi herlege "Stafflue" frå MirreVirre sin fine strikkeblogg :)
































Denne lua som er så populær på strikkebloggar rundt om i det vidstrakte internett-land har no vore på pinnane mine eit par kveldar.
 
Eit utruleg lettstrikka prosjekt, med både strikkepinnar og heklenål involvert. Denne blir det nok strikka fleire av! Lett å justere lua etter kva størrelse du vil, sidan du byrjar med å strikke fletta på "tvers", og dermed kan strikke dette bandet så vidt du vil ha det. 


Oppskrift: Stafflua
Pinnar: nr 4, heklenål 5
Garn: Sisu frå Sandnes Garn

fredag 5. november 2010

Sukkersøt lue

"Waaow..." sa mini 1 då eg kom heim med dette strømpegarnet...



"Du må strikke en lue til meg, kan du deeet?" Og eg som hadde ambisjonar om sprelske sokkar av det fargerike nøstet. Jaja, lue blei det, eg får bruke eit anna garn til sokkestrikkøvinga mi ;)


Fann fram den trofaste Nøstebarnboka, og strikka ei lettstrikka og rask lue derifrå. Strikka i dobbel tråd, for at den skal være litt lun mot vinden, og halde fasongen greit.
































Dusk har eg ikkje laga si barneskulen, og det einaste minnet eg har frå den seansen var at tålmoda tok slutt og dusken vart aldri ferdig. Måtte difor friske opp kunnskapane litt, og fann ei grei oppskrift på korleis ein dusk blir til her. Eg skjønte raskt fort kvifor tålmoda tok slutt den gong i formingstimen på barneskulen, snurring av tråd rundt to pappskiver kan bli nokså keisamt... Men, morsom detalj på lua likevel ;)
Dusken er imidlertid tatt av igjen no, etter klage frå minien om at lua var for baktung. Eg klarte heldigvis skjule skuffelsen min ;)

 






























Tråd: Strømpegarn frå Europris og Baby Merino Ull frå Nille, Babyull frå Stoff og Stil til dusk og hekla kant
Pinne: 4
Oppskrift: Nøstebarn

onsdag 3. november 2010

Bryllupsbolero

Her kjem bileter av den heilt enkle boleroen eg strikka til bryllupet mitt i august. Dagen var strålande, både innholdsmessig, og værmessig, så boleroen blei ikkje så mykje brukt, men eg var såpass stolt over kreasjonen at eg måtte jo ha den på meg under vigselen. (Og ja, eg er totalt på gråten på biletet nedanfor) ;)



Boleroen er strikka etter ei oppskrift basert på Pickles sin "Annas bryllupsbolero". Eg valte å strikke denne i glattstrikk, eg ikkje syns perlestrikk gjorde seg så fint med denne tråden. Garnet var forøvrig heilt herleg å strikka med, så utruleg mjukt og godt (kan sikkert egna seg godt til babyteppe, for eksempel). Valte å la kantane på boleroen "rulla" seg oppover, syns det ga ein enkel, men fin effekt.


Det eg var særs nøgd med på boleroen var korleis ryggen passa til kjolen, som hadde ein "drapert" eller rynka effekt bakpå beltet. Kjolen er forresten sydd av mi vakre mor, som er opphavet til mi kreative interesse :)































Må også vise detaljen på min flotte kjole, ti lag med tyll, der dei seks nederste var pynta med ulike lilla silkeband. Å, kor eg elska den kjolen! :)



Garn: Babyalpakka, frå BC Garn
Pinner: nr 3 1/2
Oppskrift: Basert på teknikken brukt i Annas bryllupsbolero, men med anna maskeantal (er jo brukt ein heil del tynnare tråd) og glattstrikk istadanfor perlestrikk

torsdag 28. oktober 2010

Babyblått til frostne vintertider



Ei barndomsvenninne av meg fekk nyleg ein liten gut, ein bitteliten ein, sju veker for tidleg født. Slike småttisar treng litt ekstra varme! 






















Tøflar med passande vottar til for å hjelpe ein liten gut å halde varmen i vinter. Er jo litt stas med heimestrikka barselgåver? :)





















Tøflane har eg blogga om før, det er oppskrifta til bloggaren bak Ullent Eventyr, men denne gong modifisert til å strikka rundt (slik at det kun blir litt sying bak i hælen). Vottane er i frå Nøstebarnboka. Begge mønstera er strikka litt mindre enn det som er oppgitt i oppskrifta, sidan det er ein liten Tommeliten som skal få dei.

Pinner: Strømpepinner nr 3
Oppskrift tøflar: Ullent eventyr sine "Stay-on baby booties"
Oppskrift vottar: Nøstebarn

fredag 8. oktober 2010

Blogginspirasjon

Ramla over denne strikkebloggen her om dagen. Her var det mykje fint!

Denne bloggaren lagar mange flotte oppskrifter, og eg fann raskt mykje eg har lyst å laga.

Har blant anna lyst å prøve meg på denne herlege vesten. Men tør eg strikke noko til meg sjølv tru? ;)

torsdag 7. oktober 2010

Monsterbukse - sjokolademonster!

Strikka jo for ei tid tilbake ei monsterbukse, men viste aldri det ferdig resultatet. Her kjem bilete!
Hadde eigentleg planar om å sy augevipper på monsteret, og brodere ein liten muffins på framsida. Men det blei med ideen gitt.


 Monsteret lev glade dagar i barnehagen, der ho blir flittig brukt kvar dag!


Det rosa bandet i livet er bytta ut med ein meir praktisk strikk. Ikkje så dekorativt, men meir anvendeleg i ein hektisk kle-av-og-på-kvardag i barnehagen ;)
































Tråden nuppa seg litt etter bruk, veit ikkje om det kan vitne om litt dårleg kvalitet på garnet? Det er uansett ei varm og god bukse!



Eit kjekt prosjekt, og ei god oppskrift som eg kan anbefale i "jungelen" av monsterbukseoppskrifter ;) Har ei ny bukse på pinnane no, denne gongen ein meir maskulin versjon som skal leverast i treårsgåve til ein tantegut.

Garn: Babyull frå Europris, og Baby Merino frå Nille
Pinner: Rundpinne og strømpepinne nr 4
Oppskrift: Ordentlige bleier si monsterbukse

tysdag 5. oktober 2010

Garn på veg i posten!

Frå Hifa! Nokon som har prøvd deira garn?
Fann den søtaste oppskrifta der, "Lillefot"-tøflar. Gledar meg til å sette i gong med den!





















Og fargar? Lilla sjølvsagt! Nærare bestemt mørk lilla og denne litt lysare (kanskje litt meir rosa den siste der...).

I dag var eg på Ull-Rik butikken, der er det opphørssal. Dei skal satse på nettbutikk, kunne dama som sto der fortelle meg. Spanande! Ull er gull, så eg gjekk ut derifrå med ei ulltrøye til mini nr 1, og littegrann garn frå Dale. Planen er ein genser, av eit eller anna slag ;)

Elles held eg på med ein babyjakke, og hals, og sokkar, og... Puh... Korti skal eg lære meg å gjere ferdig eit prosjekt før eg startar på eit nytt? ;) Uansett, bileter kjem! No er det tilbake til studiene, ikkje nett like freistandes som strikkepinnane men. Det må til, skal eg få meg jobb og pengar til alt dette garnet eg kjøper ;)

måndag 20. september 2010

Genser til haustkalde dagar




















Garn: Babygarn frå Stoff og Stil
Pinner: Rundpinne 2,5 til brota, og 3 til resten av genseren
Oppskrift: Stoff og Stil

Nok eit babyplagg, i favorittfargen lilla (som alltid?) ;) Ein veldig lettvint, og derfor kjekk genser å strikke (er alltid glad i ting som går raskt på pinnane!).




















Garnet er mjukt og godt, og var gode på trepinnane (som eg jo aller helst foretrekker). Det gjenstår å sjå om den nuppar seg, slik for eksempel Europris si babyull har ein tendens til å gjere. Trur babyulla frå Stoff og Stil er hakket mjukare iallefall, utan at eg skal seie noko sikkert.

Genseren er ein veldig enkel modell, men har ein liten dekorativ mønsterkant øverst. Ekstra fin blir den med litt meir dekorative knappar enn det eg har valt her, men eg er ei utålmodig sjel, og "raida" mor si knappesamling for knappar (lite knappeshopping her i huset gitt). På utstillingsmodellen dei hadde laga på Stoff og Stil var det brukt sjølvtrekte knappar med stoff som matcha fargen på genser. Det var liksom prikken over i'en. Men, genseren min dug no til barnehagebruk, sjølv med litt "keisame" knappar ;)



Eg har aldri strikka genser med raglanfelling før, men kan allereie (etter første forsøk) seie at eg har funne mitt kall ;) Noko so enkelt! Fann mykje inspirasjon i denne strikkebloggen, ho viser her at det er leikande lett å strikke raglanfelling, noko det også var (sjølv om eg lurte fælt på korleis dette skulle gå til. Takk for flinke medbloggarar, seier berre eg!).


Det einaste som skal syast er hullet under armane, noko som faktisk ikkje er så komplisert. La dei kant i kant, og sydde gjennom dei ytterste maskene på kantane. Det sto forøvrig også ganske greit forklart i oppskrifta korleis raglanfellinga skulle strikkast. Alt i alt eit lettvint prosjekt!

Eg er jo veldig glad i hausten, ikkje minst fordi det går an å bruke strikkeplagg igjen :)


fredag 20. august 2010

Tilbake til kvardagen (iallfall nesten...)































Helga for bryllup kom og gjekk, og tilførte mange gode og fine minner. Ei fantastisk feiring, rett og slett! Boleroen vart ferdig (akkurat i tide...), og garnet var perfekt for ein søt brudebolero. Eg har diverre ikkje fått tak i alle bileta som blei tatt den dagen endo, så ingen skikkelege bileter av boleroen er å oppdrive, men skal lage ein post for dette seinare, så snart eg har nokre duganes bilete (det var jo "heldigvis" strålande sol, så boleroen fekk ikkje stråle i kapp med brudekjolen så lenge ;-) )

I dag har eg sendt overraskelsespakke i posten, til ei god venninne med ein liten prins, som eg lova lubber til for eviglang tid sidan. Har endeleg fått ut fingen og gjort ferdig sokkane.

Eg er endo ikkje heilt fortruleg med sokkestrikking, men øver, øver og atter øver, og satsar på å bli tilnærma meister når eg er ferdig ;-)































Strikka hæl etter denne oppskrifta. Ein veldig grei og lettstrikka hæl i grunn. Trur likevel eg må prøve å få bestemor til å skrive ned korleis ho strikkar hælen på sokkane sine. Har endo til gode å sjå ein så fin hæl som det ho strikkar!































Tåa strikka eg etter oppskrift på same plassen som hælen. Likte ikkje denne så godt, syns ikkje resultatet vart heilt fint. Har imidlertid funne ei oppskrift der ein feller midt oppå og midt under, samt i kvar side. Dette skal visstnok gi ei litt rundare tå, så eg får prøve dette neste gong eg hiv meg i gang med sokkestrikkinga. Med to miniar i barnehage treng ein gjerne litt lubber på foten ;-)































No tek eg og min nye ektemake oss ein liten ferie til Kreta i ei vekes tid. Det skal bli godt! Tar med meg litt strikkeri sjølvsagt (flyskrekk blir betre med strikking, har eg funne ut), denne gongen ein babygenser eg fann på Stoff og Stil. Så får me sjå kor mykje strikkeri varmen (og mannen?) tillet ;-)

tysdag 20. juli 2010

Korleis få sola til å skinne på ein gråværsdag...


Kjøpe nytt garn, såklart! Deilig, mjukt alpakkagarn. Lykke!

Ekstra kjekt er det sidan eg har vore på jakt etter det perfekte garnet til ein brudebolero (ja, eg skal gifte meg, tjoho!). Trur eg har funne det no, nemlig babyalpakka frå BC Garn (danskane kan det der med garn, har eg inntrykk av).

Utfordringa no er å finne det perfekte mønsteret. Har funne ein kraftig inspirasjon i denne, men her finnes diverre ingen oppskrift. Så no leitar eg litt etter eit liknande holmønster, som eg på eit vis kan bruke i ein slags bolero. Nokon som har forslag? Tek i mot alt med stor takksemd.

Får vente med morgondagen med å byrje å nøste saman hespene. Noko seier meg at om eg byrjar no blir det smått med nattesøvnen i natt, strikking kan verkeleg være altoppslukande ;-)

fredag 16. juli 2010

Laaaang pause, gitt!

Meir eller mindre ufrivilleg. April og mai gjekk bort i eksamen - lesing, skriving, pugging, og lite strikking. Så kom sumaren, og bloggen blei litt gløymt. Slik er det ;)
Har strikka eit par prosjekt sidan sist, blant anna denne søte saken frå Tora Frøseth.































Tora Frøseth lagar slike fine oppskrifter til søte småttisar, og denne er ingen unntak. Kan absolutt anbefale hennar oppskrifter, dei er lett forståelege og gir fine sluttresultat (utan at eg skal skryte alt for mykje av mine eigne strikkeeigenskapar) ;)

Garn: Inka Alpakka (gåve frå ei god venninne)
Pinner: rundpinne nr 3
Oppskrift: Magda av Tora Frøseth 

Ein topp med eit nostalgisk preg, syntes det var litt sånn retropreg over mønsteret. Og for ein glede dette var å strikke! Klarte knapt å legge det frå meg. Toppen skulle jo eigentleg bli ein kjole, men garnet sprang frå meg, gitt (enda eg strikka så det rauk av pinnane mot slutten). Syns i grunn ikkje det gjorde noko, så blir det eit plagg ein kan bruka både til skjørt og bukse.

Kjekt mønster å strikke, oppskrifta var lett å forstå, med enkle repetisjonar. Eg sluttar aldri å bli imponert over folk som klarar å komponere slike fine mønster! Det som verkeleg gjorde toppen/kjolen ekstra spesiell var dei søte puffarmane.






Eg trur eg har funne ein ny favoritt i garnet, har aldri strikka med det før, men det var mjukt og godt, og fint å strikke med. Minna i grunn litt om Drops sin alpakkatråd, men det er vel ørlite grann tynnare om eg ikkje tar heilt feil. Uansett, eit fint garn (så tusen takk Ane Victoria, du er best!)































Minien var ikkje særleg interessert i å legge seg ned slik at ho mor kunne ta bilete av toppen framme. Forstår ho jo godt, har endeleg klart å reise seg og så skal ho ned på golvet igjen? Mor kan være ganske rar. Det er iallfall ein knapp framme, skulle gjerne hatt ein meir dekorativ knapp, men ein perlemorknapp var alt som fantes i huset på det tidspunktet - og man tager hva man haver ;)