fredag 20. august 2010

Tilbake til kvardagen (iallfall nesten...)































Helga for bryllup kom og gjekk, og tilførte mange gode og fine minner. Ei fantastisk feiring, rett og slett! Boleroen vart ferdig (akkurat i tide...), og garnet var perfekt for ein søt brudebolero. Eg har diverre ikkje fått tak i alle bileta som blei tatt den dagen endo, så ingen skikkelege bileter av boleroen er å oppdrive, men skal lage ein post for dette seinare, så snart eg har nokre duganes bilete (det var jo "heldigvis" strålande sol, så boleroen fekk ikkje stråle i kapp med brudekjolen så lenge ;-) )

I dag har eg sendt overraskelsespakke i posten, til ei god venninne med ein liten prins, som eg lova lubber til for eviglang tid sidan. Har endeleg fått ut fingen og gjort ferdig sokkane.

Eg er endo ikkje heilt fortruleg med sokkestrikking, men øver, øver og atter øver, og satsar på å bli tilnærma meister når eg er ferdig ;-)































Strikka hæl etter denne oppskrifta. Ein veldig grei og lettstrikka hæl i grunn. Trur likevel eg må prøve å få bestemor til å skrive ned korleis ho strikkar hælen på sokkane sine. Har endo til gode å sjå ein så fin hæl som det ho strikkar!































Tåa strikka eg etter oppskrift på same plassen som hælen. Likte ikkje denne så godt, syns ikkje resultatet vart heilt fint. Har imidlertid funne ei oppskrift der ein feller midt oppå og midt under, samt i kvar side. Dette skal visstnok gi ei litt rundare tå, så eg får prøve dette neste gong eg hiv meg i gang med sokkestrikkinga. Med to miniar i barnehage treng ein gjerne litt lubber på foten ;-)































No tek eg og min nye ektemake oss ein liten ferie til Kreta i ei vekes tid. Det skal bli godt! Tar med meg litt strikkeri sjølvsagt (flyskrekk blir betre med strikking, har eg funne ut), denne gongen ein babygenser eg fann på Stoff og Stil. Så får me sjå kor mykje strikkeri varmen (og mannen?) tillet ;-)