måndag 16. mai 2011

Shopping på salg

Ja, så var det blitt 16. mai, skal sei tida flyg når ein kosar seg med eksamanar og bacheloroppgåve (ja, sarkasmen er til å ta og føla på). Eg er glad eg har strikkinga mi, den fungerer som meditasjon, ein fin måte å "tømme hovudet" etter lange dagar foran pc-skjermen.

Som sikkert dei fleste har fått med seg, så er det "Drops supersale" om dagen, og eg nytta høve til å shoppa meg litt garn for framtidige prosjekt ;)

Ei venninne har nyleg fått tvillingar, to gutar, så eg tenkte at stripete djevelluer med matchande tøflar til ville væra ei super barselgåve. Ei par gutar som nok vil få litt strikkegåver, sidan me er nokre strikkeglade i gjengen vår ;)

Har også planar om å strikke denne søte saken, ei haustjakke til minsteminien, i søt pudderrosa. Gledar meg verkeleg til å byrje på denne! Garnet er Nepal, ei blanding av ull og alpakka. 



No er det vel berre å ynskje alle der ute ei strålande 17. mai-feiring i morgon då! Håpar været holder, isen er god og selskapet likeså ;) Hipp hipp!

4 kommentarer:

  1. Hipp hipp hurra for garnsalg hos Drops;)

    SvarSlett
  2. Puh, no har eg gått heilt bananas i nettbutikken til Drops. Takk for tipset.

    SvarSlett
  3. Takk for at du minnet meg på den jakken, for den er jo rikig nydelig. Blir nok veldig fin i pudderrosa. :)

    SvarSlett
  4. OMG!! gjett om ej ska finne fram visakortet me en gang!! (treng forresten ikkje finne d fram, kan kortnr i hodet... handla for mykje på nettet?)

    SvarSlett